– Det er utruleg å få vere med på noko som er så historisk for pasientane våre, seier Kristine Bø.

Ho har leia prosjektet som har resultert i at sentralsjukehuset i Førde blir det første sjukehuset i Helse Vest som tar i bruk digital patologi. I tillegg har Helse Midt-Norge tatt i bruk den same teknologien.

I dag blir celleprøvar av til dømes livmorhalsar og føflekkar som regel undersøkt i mikroskop. Ofte må prøvane sendast mellom fleire patologar for ei ekstra vurdering. Ein patolog er ein lege som er spesialist på forandringar i celler og vev.

I dag skjer dette stort sett via tradisjonell post. Enn så lenge.

– Dette er eit stort steg i riktig retning for å gjere diagnostisering av kreft meir effektivt, seier Tonje Bøyum Riste, som er sjef for patologisk avdeling i Helse Førde.

Ho legg til:

– Kvar einaste time vi kan korte ned ventetida er ein kjempefordel.

Digital patologi
PÅ SKJERM: Det som før måtte sendast i posten, kan no bli analysert digitalt.

FOTO: HELSE VEST

Dobbelt så mange prøvar

Å sende prøvar via tradisjonell post er ein langdryg prosess. Med digital patologi vil prøvane i staden bli skanna inn med spesialskannarar, og gjort tilgjengeleg på ein dataskjerm.

– Det gjer at det blir lettare å samarbeide om diagnosane. Vi skal også forbetre kvaliteten på bileta slik at pasienttryggleiken blir enda betre, fortel Riste.

Kvart år aukar mengda kreftundersøkingar med 5–10 prosent.

Det betyr at patologar må stille om lag dobbelt så mange kreftdiagnosar i 2025 som dei gjer i dag.

Årsaka er at stadig fleire kjem til å leve lenger med kreft og andre sjukdommar.

Førebels er sjukehuset i Førde det einaste i Helse Vest som har starta bruken av digital patologi. Men ifølge prosjektleiaren er resten av helseføretaka i Helse Vest ivrige etter å komme i gang.

– Dei er planlagt med frå februar 2022, og då vil vi kunne samhandle på ein heilt annan måte om kva behandling vi skal gi pasientane våre, seier ho.

Bilete av ein illustrasjon av ein kreftcelle
STUDERER BILETA: Avdelingssjef Tonje Bøyum Riste ved avdeling for patologi på Førde sentralsjukehus.

FOTO: ELISE KVIEN / NRK

Trinnvis implementering nasjonalt

Det nasjonale målet er at digital patologi skal bli implementert over heile landet.

– Kor lang tid det vil ta er veldig vanskeleg å seie, men håpet er at det skal vere ein vanleg praksis innan nokon år.

Det seier Erik M. Hansen, direktør for e-helse i Helse Vest.

– Prosessen med å implementere praksisen i Helse Nord og Helse Sør-Øst er også godt i gang, seier han.

Andre stader blir maskinlæring forska på som et mogleg hjelpemiddel i identifiseringa av kreftceller.

Dette har vore fokuset i prosjektet «DoMore!» ved Oslo universitetssjukehus, som dei siste fem åra har forska på bruk av kunstig intelligens for analyse av digitale patologiske bilete.

– Det er viktig å finne system der vi lett kan skilje mellom potensielt dødeleg kreft og kreft som ikkje er vondarta, har prosjektleiar Håvard Danielsen tidlegare uttalt.